Rikskonsertene
Postadresse: Postboks 4261 Nydalen, 0401 Oslo
Besøksadresse: Gullhaug torg 2, 0401
Telefon: 22 02 59 00 • kontakt: Fra 2016 er Rikskonsertene - sammen med DKS-sekretariatet - omgjort til Kulturtanken, Den kulturelle skolesekken Norge (se www.kulturtanken.no). Samtidig er musikk omgjort fra skolekonsertordning til et av seks kunst- og kulturuttrykk finansiert av spillemidler i DKS, og produksjon av musikkaktiviteter overført fullt ut til fylkeskommuner (og kommuner).
Sol og skygge NN
Produksjonsliste
Program

Sol og skygge NN

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

AFROJAZZ
Ndzuti heiter den siste plata til saksofonisten Ivan Mazuze, som tyder "skygge" på Xichangana (urspråk i det sørlege Afrika). I Afrika spelar sol og skygge gjerne motsette roller av kva vi er vande med i Noreg. Medan vi drøymer om sol og varme, handlar det i Afrika ofte om å verne seg mot den steikande sola og finne skygge. Kontrasten er tydeleg. Ivan Mazuze, som bor i Noreg, har valt denne tittelen for å presentere nokre av tankane sine om sin kulturelle arv, ved hjelp av eit moderne lydbilete.

På denne konserten vil de få høyre musikk og små forteljingar som er baserte på Ivans pågåande studium av afrikansk tradisjonsmusikk.

Musikken kombinerer ulike stilartar frå det vestlege og sørlege Afrika. Viktige element i konserten vil vere den funky bassisten Jose Tomas og perkusjonisten Sidiki Camara, som bl.a. bidreg med å spele djembe, doundouns og talking drum.

Men afrikansk musikk er ikkje berre tradisjonell. Den er også oppdatert, blanda opp på nye måtar og i stadig utvikling. Improvisasjon - det å kunne spele solo på sparket og finne på musikk i farta - står sentralt i all jazzmusikk, og er like viktig i afrojazz. Medan vestleg jazz ofte hentar referansar i europeisk og amerikansk musikk, så har den sørafrikanske jazzen andre og gjerne lokale inspirasjonskjelder. Kan de høyre nokre skilnader og fellestrekk?

Lærerveiledning

SØR-AFRIKA – MUSIKK, GEOGRAFI OG SAMFUNNSFAG

Fleire av konsertane som kjem til skulen tek føre seg ein musikksjanger frå eit særskilt land. Dette ”Bruk konserten”-opplegget høver i fram- eller etterkant av slike konsertar, der instrumenta, musikkstilen eller sjølve landet kan nyttast som ramme for ein undervisningstime.

FAG: Musikk, geografi og/eller samfunnsfag
EMNE: Musikk og Sør-Afrika som land
MÅLGRUPPE: 8. - 10. trinn
TIDSRAMME: 30 - 60 min

Innhaldet i konserten kan gje eit grunnlag for samtale om ulike instrument og kulturelle tradisjonar frå Sør-Afrika.

Kva instrument nyttar musikarane?
I kva samanhengar vert instrumenta mest nytta?
Var nokon av instrumentane ikkje typiske frå Sør-Afrika?


Historiene som vert fortalde på konserten kan vere eit utgangspunkt for diskusjon i klassen etter konsertbesøket. Ein kan t.d. be nokre av elevane om å finne informasjon om Sør-Afrika, studere kartet, geografien og samfunnsforholda og presentere det for klassen.

Kor på kartet ligg Sør-Afrika? Kva heiter hovudstaden? Kva produserer særleg landet? Kor mange menneske bur i landet?
Kva er dei viktigaste skilnadene mellom Noreg og Sør-Afrika?
Kva tyder apartheid?
Kven er Nelson Mandela?


Kvifor

Elevane vert kjende med ulike afrikanske instrument og musikksjangrar under konserten, og har ein felles samtale i etterkant av konserten.
Elevane vert kjende med tema Afrika før og under konserten, og kan gjennom diskusjon i etterkant av konserten diskutere inntrykka.

Om utøvere og produsenter


Om kunstner / utøver / gruppe


Medvirkende

  • Ivan Mazuze (saksofoner, fløyte)
  • Sidiki Camara (perkusjon, vokal)
  • Jose Julio Tomas (el-bass, vokal)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Sol og skygge
Foto: Lars Opstad / Rikskonsertene
Ivan Mazuze
Foto: Jacob Crawfurd
Jose Julio Tomas
Foto: Foto: privat
Sidiki Camara
Foto: Foto: privat
Ivan Mazuze
Foto: Jacob Crawfurd
Ivan Mazuze
Foto: Jacob Crawfurd
Musikk / Jazz/blues
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Programlengde
40 minutter
Maks publikumsantall
200
Bærehjelp
fire elever, før og etter konserten
Oppriggingstid
50 min.
Nedriggingstid
30 min.
Arrangører
Arrangert av:
Rikskonsertene
Produsent:

Torstein Ellingsen
te@rikskonsertene.no
Medvirkende
  • Ivan Mazuze (saksofoner, fløyte)
  • Sidiki Camara (perkusjon, vokal)
  • Jose Julio Tomas (el-bass, vokal)