Hei Kalas! ⚪ ⚫ ⚫ Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg“Alle synger om hest og hund og katt Om søte små valper pakket inn i vatt Men ingen husker kloakkdyra Kloakkdyr er bra Stygge dyr er også bra» Hei Kalas! syng og speler musikk med ein underfundig undertone. Songane er morosame på en trist måte, eller triste på en morosam måte. Det handlar om kva man tenkjer på og opplever i kvardagen. Store og små ting. Alt frå Kongar som dør til bukser som klør. Songane er for born, men Hei Kalas tykkjer born og vaksne er opptatt av mykje av dei same ting, berre i litt forskjellig skala. Det er ikkje enkelt å være born, eller vaksen. Det spesielle med Hei Kalas! er måten dei formidlar daglegdagse ting på. Slik at både born og vaksne kan kjenne seg att. Hei Kalas! kjem til din skule for å undre seg over verda, livet, dyra og menneskja. Kvifor er verdsrommet uendeleg og kvifor smaker syltetøy med sand så godt? Kven er Hei Kalas! Heidi Marie
Roy Ole
Brit
Om utøvere og produsenter
Om kunstner / utøver / gruppeHeidi Marie Vestrheim er frå Øystese i Hardanger og er nå busett i Oslo. Hun er kjent som songarinne og låtskriver, og har vore med i ulike band før ho startet som soloartist i 2003. Hei Marie har også vore synleg på teaterscenen (DNS, BIT, Teatret Vårt, DKS) og som programleiar i Nrk Super.Ho har gitt ut to Quizbøker på Aschehoug, og bidratt i boken Barfot på Gyldendal Tiden, samt medverka i boka Gay Kids – Kule bornHistoria «Knølkvalen Kai» frå Godnattboka (Skald, 2007) er ein populær barneforestilling. Heidi Marie har erfaring fra DKS og Rikskonsertane med produksjonane “Time” (musikk), “The End – a gentle reminder” (teater) og "Barbie-Nils og pistolproblemet" (litteratur) Roy Ole Førland –er utdanna musikklærer ved Høgskulen i Volda. Jobber som musikar og komponist i Bergen samt på Barnas Kulturhus og BarneBIKS ved Bergen Internasjonale Kultursenter. Spelar med bandet «A boy Named Sue», Heidi Marie Vestrheim, lagar filmmusikk, og har erfaring fra DKS og Rikskonsertane med produksjonane «Heavykatten», «Haikutronics», «Frå Hauge til haiku» og «Time». Brit Aksnes kjem frå Norheimsund i Hardanger og er no busett i Bergen. Ho har bachelorgrad i Publishing frå London Universities of the Arts og grunnfag bibliotekar frå Høgskolen i Oslo. Brit er i dag frilansar og jobbar med festivalar og andre kulturarrangment og som forlagsredaktør. Ho har eit lite band som heiter Microbandet. Medvirkende
Multimedia og vedlegg | Musikk Trinn: 1 - 7 Turnéplan: Hei Kalas - H18 Turnéplan: Hei Kalas! juni 2019 Praktisk informasjon Kontaktperson produksjon SPØRSMÅL OM KONSERTPLANEN Turnélegger Hanne-Brit Iversen Hordaland fylkeskommune, kultur- og idrettsavdelinga Tlf. 489 95 639 Hanne-Brit.Iversen@hfk.no SPØRSMÅL OM PROGRAMMET Produsent Wenche Gausdal Hordaland fylkeskommune, kultur- og idrettsavdelinga Wenche.Gausdal@hfk.no Tlf.: 969 44 507 Kontaktperson utøver Heidi Marie Vestrheim, heidimarievestrheim@me.com, Programlengde 40 min. Maks publikumsantall 150 Arena / rom Gymsal eller liknade Bærehjelp 5 elever fra 4 klasse Oppriggingstid 40 min. Nedriggingstid 30 min. Arrangører Arrangert av: Vestland Produsent: Jørn Oftedal Medvirkende
|