THE MARGARETS - med blanke ark ⚪ ⚫ Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedleggRune, Alex og Ronnie utgjer over halvparten av gutta i gruppa "The Margarets". Dei vil presentere tekstane, melodiane og historiane sine på ein malerisk måte! LærerveiledningFørebuingar Låtane som blir spelt på konserten er henta frå produksjonen til The Margarets og cd'ane "What kept you", "Twenty years erased" og "Look for love". Nokre av tekstane og eit lydspor er lagt ut på denne konsertinformasjonen og vil kunne vere for- eller etterarbeid for dei eldste elevane, særleg innanfor engelskfaget. Tematisk er det mykje å ta tak i med dei to tekstane "Sleep with the lights on" og "Look for love". Forsøk å tyde teksten og snakk litt om kva ein kan gjere dersom ein kjenner seg litt redd og åleine. Diskuter om korleis musikken forsterkar teksten og stemninga - eller ikkje? Kvifor - og kvifor ikkje? Det er produsert eit aktivitetshefte innanfor form og farge til konserten - særleg eigna for dei yngste. Her er det berre å printe ut. Plakater i farge og svart/kvitt ligg også som vedlegg - eigner seg som oppslag på skulen i forkant av konserten. Om utøvere og produsenter
Om kunstner / utøver / gruppeAlle gutane i The Margarets er frå Giske på Sunnmøre. No er dei vaksne, men av og til møtast dei og gjer konsertar med bandet. I tillegg har dei eit kjempeflott og moderne musikkstudio på Giske. Om sommaren er dei arrangørar av tre festivalar i Ålesund/Giske: Midtsommerjazz, Sommerfesten og Jugendfesten. Alex Rinde er vokalist i The Margarets, og han skriv dei fleste tekstane til bandet. Ronnie MAG Larsen spelar perkusjon i The Margarets. Det betyr at han ristar på tamburinar, bjeller, slår på digre trommer og rotar rundt i ein stor haug med skrot som ingen veit namnet på. I takt, såklart. Rune Berg er gitarist og låtskrivar i The Margarets. I det siste har han byrja å skrive ein del av tekstane til bandet. Rune spelar i tillegg i bandet Number Seven Deli. Medvirkende
Multimedia og vedleggVideo/Lyd | Musikk Trinn: 1 - 7 Praktisk informasjon Programlengde ca 40 min Maks publikumsantall 150 Maks antall fremføringer per dag 3 Bærehjelp Dei vil gjerne ha hjelp av 3-4 sterke elevar til å hjelpe til med bæring før og etter konserten Lydutstyr
Musikarane har med lydustyr sjølv Oppriggingstid 45 min. Nedriggingstid 30 min. Strøm 2 X 16 Á er rikeleg Merknad for spillested Aldersblanding er ikkje naudsynt. Ha gjerne 1.-4.trinn og 5.-7.trinn kvar for seg dersom max publ.tal ikkje overstig 150 på kvar konsert. NB! Utøvarane vil gjerne låne 4 stolar på scena. Lenker
Arrangører Arrangert av: Rikskonsertene Produsent:
Lene Elisabeth Torgersen Mordal, tlf. 482 96 853, e-post: lene.mordal@mrfylke.no Medvirkende
|