LAUS LEVANDE ⚪ ⚫ ⚫ ⚫ ⚫ ⚫ ⚫ ⚫ ⚫ ⚫ ⚫ Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedleggFolkemusikk med dansefot Ein gjøglartrupp bankar på skuleporten! Inn kjem ein staseleg spelemann med fela i hand, ein omreisande frikar med einrader på ryggen og ei lettbeint «kjerring» med stav! Ut av instrument og strupe trillar tradisjonstoner, og innimellom rykkjer det så mykje i foten at dei lyt danse! Tre dedikerte utøvarar har dukka ned i til dels ukjend folkemusikkmateriale frå ymse Akershus-regionar, og funne perler dei har pussa blanke for deg. Rydd golvet og gjer klar til både pardans og lausdans, alvor og skjemt! Eit eventyrleg-poetisk-musikalsk trekantdrama vil snart finne stad på din skule! LærerveiledningRepertoaret i denne laus levande «dansekonserten» er henta frå ulike tider og ulike miljø; frå dei gamle bygdedansane med røter attende til 1500-talet (m.a. halling og springdans) til den såkalla storgardsmusikken (polonese, engelis, menuett, gigue m.m.). Dette er musikk som vart spelt omkring på dei store gardane på 1800-talet og som var sterkt prega av den europeiske kunstmusikken, slik namnet på dansane gjev uttrykk for. Vi ber om at elevane får vite litt om bygdedansen halling/laus). Musikken vil bli spelt på fleire instrument: fele, einrader (eit litetrekkspel med berre ei rad med knappar), munnspel, seljefløyte, harpe og bass-langleik. Nokre av desse og andre typiske folkemusikkinstrument kan du finne stoff om i del 4 av Vegar Vårdals ironisk-humoristiske artikkelserie skrivi på oppdrag frå Norsk Kulturarv. I del 1 frå same serie, blir det fabulert kring omgrepet folkemusikk: Kva er det nå eigentleg? Kva legg elevane i dette? Og ta nå endeleg ikkje namnet på artikkelserien personleg! Bruk konsertenKUNSTEN Å VÆRE EN GOD LYTTER - eit Bruk konserten!-opplegg Sidan dette er ein akustisk konsert med til dels «lydsvake» instrument, trengst det ro og lyttande atmosfære for å få med seg alle ord og tonar. Tipsar om å nytte Bruk konserten!-opplegget Kunsten å være en god lytter for å førebu elevane og setje dei inn i lyttemodus! Om utøvere og produsenter
Om kunstner / utøver / gruppeØyonn Groven Myhren arbeider som frilans songar, låtskrivar og folkedansar, og har dei siste åra vore leiande på den norske folkemusikkscena. Ho kjem frå ein familie med røter djupt i folkemusikktradisjonen, både vokalt og instrumentalt, noko som mellom anna har inspirert henne til å jobbe med instrumentalsong (t.d. tralling av slåttar). Øyonn er med i fleire grupper og har samarbeidd mykje med kunstnarar frå andre sjangrar. Av tingingsverk ho har skrivi, kan nemnast Nivelkinn i samarbeid med Odd Nordstoga, som vart gjeve ut på CD og fekk Spelemannprisen i 2002. Ulf-Arne Johannessen er ein allsidig utøvar som i tillegg til å danse både halling og pardans i det absolutte toppsjiktet, spelar torader, banjo, gitar, bass og trekkspel! Han har lang og brei erfaring frå sceniske produksjonar ved ymse teater, men òg frå framsyningar med dansekompaniet FRIKAR. Ulf-Arne har drivi utstrekt turnéverksemd både i regi av Riksteatret og Rikskonsertene. Han er ein populær kurshaldar i torader og dans, og har gjeve ut solo-CD-en Brennheiten - laus og springar frå Hallingdal. Andreas Skeie Ljones er ein utøvande musikar med basis i folkemusikk. Han arbeider òg som komponist, produsent og konseptutviklar for prosjekt innanfor folkemusikk og dans. Som utøvar og komponist har han mellom anna fleire sceniske produksjonar med dansekompaniet FRIKAR bak seg. Han har vore med på plateutgjevingar med Majorstuen, Ola Bremnes og Odd Nordstoga i tillegg til hans eige band, Andreas Ljones Band. Andreas var for øvrig den fyrste som tok Diplomstudiet ved Norges musikkhøgskole med hardingfele som instrument! Medvirkende
Multimedia og vedleggBilder | Musikk Trinn: 1 - 7 Praktisk informasjon Kontaktperson produksjon Ann-Cathrin Tessnes (produsent)Tlf. 22 05 53 50 / 924 24 435For spørsmål om tidspunkt for gjennomføring:mats.persson@afk.no tlf. 958 52 322 Kontaktperson utøver Øyonn Groven Myhren, tlf. 971 85 903 Programlengde Ca. 40 minutt Maks publikumsantall 180 Arena / rom Gymsal eller annan passande arena Maks antall fremføringer per dag 2 Oppriggingstid 15 min. Nedriggingstid 15 min. Merknad om publikumsplassering Oppsettet vårt er inspirert av sirkusmanesjen; ein «nesten-rund» utøvararena med publikum plassert på matter, benkar og stolar som i eit slags amfi (sjå vedlagt skisse). «Scena» byrjar ved langveggen, er omlag 6-7 m brei og strekkjer seg 6-7 m fram i rommet. Pilene indikerer midtgangar. Merknad for spillested Det er ønskjeleg at publikum på skular som treng meir enn ein konsert, blir delt på «langs» , slik at alle klassetrinn er representert ved kvar konsert. Merknad Research/dramaturgi/manus: Øyonn Groven MyhrenMusikalske konsulentar: Marianne Tomasgaard - SAFFA (Rådet for folkedans og folkemusikk i Akershus) Hans Olav Gorseth - Norges musikkhøgskoleKostyme/scenografi: Ann-Cathrin TessnesEVALUERING Vi set stor pris på tilbakemelding på produksjonane våre. Send e-post til Ann-Cathrin Tessnes dersom du har noko på hjartet! Lenker Vedlegg
Arrangører Arrangert av: Akershus fylkeskommune, kulturseksjonen, DKS-enheten Produsent: Ann-Cathrin Tessnes Spørsmål om kunstnerisk innhald: Kontakt produsent Ann-Cathrin Tessnes Tlf. 22 05 53 50 / 924 24 435 Spørsmål om tidspunkt/ gjennomføring: Kontakt turnékoordinator Hilde Kjos Tlf. 22 05 53 49 / 992 61 452 Medvirkende
|