Rikskonsertene
Postadresse: Postboks 4261 Nydalen, 0401 Oslo
Besøksadresse: Gullhaug torg 2, 0401
Telefon: 22 02 59 00
Kontaktperson:
Ekornes i 100
Produksjonsliste
Program

Ekornes i 100

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

1 musikar + 100 trommer = Ekornes i 100

100 trommer frå 100 land på instrument som er opptil 100 år gamle!

Møt ein av landets aller beste musikarar i ei oppleving av rom, klang, rytmar og natur. Når Kenneth Ekornes spelar, ser han heile tida føre seg ulike landskap som han omformar til labyrintar av lyd. Kenneth Ekornes har både med seg eit trommesett som er 100 år gammalt og elektroniske slagverksinstrument som er laga dei siste 10 åra. Ved hjelp av trommene fortel han at tida og utviklinga går fortare og fortare i den moderne verda.

Kenneth Ekornes hentar mellom anna  inspirasjon frå Brasil, Afrika, India og Noreg. Når han opptrer nyttar han alltid dei fyrste minutta til å verte kjend med rommet og publikum, slik at kvar einskild framsyning vert unik. Til meir respons han får, til mer energi vert frigjort slik at nye ting dukkar opp undervegs.

Ekornes har i løpet av dei siste 20 åra besøkt meir enn 50 av dei landa instrumenta hans kjem frå.

God konsert!

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Kenneth Ekornes
  • Produsent: Hallgeir Frydenlund, Rikskonsertane
  • I samarbeid med: Rikskonsertane

Om kunstner / utøver / gruppe

Kenneth Ekornes, trommer og slagverkinstrument

Kenneth Ekornes studerte på rytmisk line ved musikkonservatoriet i Kristiansand. Som frilansmusikar med base i Oslo spelar han ma. med Mari Boine, Trio de Janeiro, Nymark Collective og Føyk. Han har også jobba med Ole Paus, Baba Nation og i NRKs Barnetimen for dei minste. Kenneth Ekornes’ hobby er å samle slaginstrument og ”dingel-dangel” frå heile verda. På lageret sitt i den  gamle sjokoladefabrikken i Oslo set han dette saman til unike trommesett, skreddarsydd til kvart nye prosjekt. Kenneth har tidlegare turnert for Rikskonsertane med framsyningane ”Drøymetid” og ”Gumbo”.


Medvirkende

  • Kenneth Ekornes
  • Kenneth Ekornes (Slagverk, perkusjon)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Kenneth Ekornes
Foto: Rikskonsertane
Kenneth Ekornes
Foto: Rikskonsertane
Kenneth Ekornes
Foto: Rikskonsertane
Kenneth Ekornes
Foto: Øyvind Lyslo
Musikk / World Music, samtid
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøver
Kenneth Ekornes, e-post: kekornes@mac.com, mob. 913 80 834
Programlengde
40 minutt
Maks publikumsantall
160
Arena / rom
Gymsalen ved skulen eller anna eigna lokale
Merknad
  • Kenneth har med seg mykje utstyr og treng difor 10 elevar til å hjelpe seg med å bere inn alt trommeutstyret, og helst 4 elevar til å rigge ned att også.
  • Kenneth har også med mange små og interessante trommeinstrument, difor er det ein fordel at elevane ser godt. Det hadde difor vore fint om ein på skular med mange elevar på konserten kunne lage til eit slags "amfi" med matter fremst, sidan benkar og stolar. 
  • Det er også fint med aldersblanding på konsertane (gjeld skular med fleire enn ein konsert).
  • Last gjerne ned Bruk Konserten-opplegget som er laga til denne konserten.
Vedlegg
Arrangører
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent:
Hallgeir Frydenlund, Rikskonsertane
Medvirkende
  • Kenneth Ekornes (Slagverk, perkusjon)