JADA JADA JA - Alf Prøysen og skolen ⚪ ⚫ ⚫ Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedleggAlf Prøysen skreiv om ulike typer i skolen: Nøtteliten, Bolla Pinnsvin, Burre Bamse, Helene Harefrøken og Ola Rådyr. Men kva med Jostein Bever? Og er nokon av desse Rampegutt? Og kor er eigentleg Bakventland, der dei skriv baklengs på skolen? I Prøysenåret 2014 laga Anne Flugstad og Fred Dalbakk ei konsertframsyning med tekstar av Alf Prøysen, ramma inn av ei av forteljingane hans. Skolen og elevane er tema, med alle dei undertema både store og små kjenner att frå kvardagen: motepress, mangfald, mobbing og kommunikasjon. Anne fortel, syng og rappar i herleg samklang med gitarspelet til Fred, som både gynger, svev og rockar. "JADA JADA JA - Alf Prøysen og skolen" er ein tidsaktuell, morosam og litt alvorleg konsertframsyning. Om utøvere og produsenter
Om kunstner / utøver / gruppeAnne og Fred er to allsidige aktørar som speler på mange strenger. Dei har samarbeidd i mange år, og har gjort fleire Prøysenprogram for både born og vaksne tidligare. Anne har lang fartstid i Skolesekken og Spaserstokken. Ho har reist rundt med ulike forestillingar sidan år 2000. Fred er mykje brukt som gitarist i mange ulike settinger, og for ulike artister. Til dagleg er han musikkprodusent i Studio 19 på Hamar. I desember 2014 ga Anne og Fred ut Prøysenalbumet «Æiller mer enn to», eit album med kjende og ukjende Prøysentekster i deira eigne arrangement; kun vokal og gitar. Begge har vakse opp på Hedemarken med tekstane til Prøysen, og har eit nært forhold til dei. Medvirkende
Multimedia og vedlegg | Musikk / Viser Trinn: 1 - 7 Praktisk informasjon Kontaktperson utøver Anne Persdotter Flugstad mobil: 995 53 732 anneflugstad@gmail.com annepersdotter.blogspot.no Arrangører Arrangert av: Rikskonsertene Medvirkende
|