Rikskonsertene
Postadresse: Postboks 4261 Nydalen, 0401 Oslo
Besøksadresse: Gullhaug torg 2, 0401
Telefon: 22 02 59 00 • kontakt: Fra 2016 er Rikskonsertene - sammen med DKS-sekretariatet - omgjort til Kulturtanken, Den kulturelle skolesekken Norge (se www.kulturtanken.no). Samtidig er musikk omgjort fra skolekonsertordning til et av seks kunst- og kulturuttrykk finansiert av spillemidler i DKS, og produksjon av musikkaktiviteter overført fullt ut til fylkeskommuner (og kommuner).
Lykkehjulet, ditt livs sjanse NN
Produksjonsliste
Program

Lykkehjulet, ditt livs sjanse NN

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Lykkehjulet snurrar og snurrar- kven trekk vinnarloddet ?
Blir det deg? Er du ein vinnar?

Ei kvinne trer fram i rampelyset. Ho er sjølvsikker, scenevand - og ho kjenner showbiz-bransjen til fingerspissane. Ho kan fortelje deg nokre sanningar om korleis livet skal verte levd, og ho går ikkje av vegen for å gjere det. Ho er bingovertinna - dronninga i showet - og hjulet ho snurrar er livets lykkehjul.

Lykkehjulet -  eit sjansespel er ei musikkteaterframsyning der samtidsmusikk møter politisk musikk. Den politiske musikken av Kurt Weill og Hanns Eisler er skrive med tekstar av Bertolt Brecht. Brecht skreiv politiske tekstar om samfunnstilhøva i Tyskalnd på 1930-40 talet, men tekstane speglar også det moderne mennesket i dag.
I sterk kontrast til Weill og Eisler er musikken til Luciano Berio og John Cage som er skrive i etterkrigstida på 50-talet. Cage ville lage musikk på slump, som i eit sjansespel. Musikken hans set spørsmålsteikn ved tradisjonelle reglar og normer i samfunnet.

Lærerveiledning

Korleis styrke konsertopplevelsen

• Vi ber om at lærarane les konsertinformasjonen og gjer elevane kjend med Bertholt Brecht og komponistane som har laga musikken i forestillinga.

Til dømes:
John Cage om stille: https://www.youtube.com/watch?v=pcHnL7aS64Y og hans mest kjende verk 4'33: https://www.youtube.com/watch?v=JTEFKFiXSx4
Er dette musikk? https://www.youtube.com/watch?v=WTCVnKROlos
Vigdis Hjort sine essay om Bertholt Brecht: http://www.manifesttidsskrift.no/skrift-og-sak-del-1/

• Vi ber om at lærarane sit saman med elevane som publikum, og opplever konserten på lik linje med elevane. Gjer vel å informer om dette.

• Vi ber om at kulturkontakten informerar skoleleiinga om innhald og praktiske opplysningar, og ber lærarane om å nytte konsertinformasjonen til å førebu elevane sine slik at dei får størst mogleg utbytte av opplevinga. Bruk gjerne det vedlagte Bruk konserten-materiellet. Eigarskapet til, og effekten av konserten vert større der konserten sitt tema vert forankra i undervisning og læringsmål.

• Bruk gjerne elevvertar og elevarrangørar. Sjå www.rikskonsertene.no/eleversomarrangorer for mier informasjon.

Bruk konserten

Kven var John Cage?
John Cage (1912-1992) var ein amerikansk komponist og musikkteoretikar som er mest kjend for komposisjonen ”4’33”, eit verk utan lyd. Verket har tre satsar, og utøvaren spelar ikkje ein einaste tone i nokre av dei. I fråveret av musikken, vert fokuset til lyttaren alle andre lydar som er i rommet. Cage er også kjend for verka han skreiv for preparert piano; han satte skruar og andre gjenstandar mellom strengane og skapte nye klangar. I framsyninga Lykkehjulet får publikum høyre ”Aria”, eit verk for solostemme som er komponert på slump og som gir songaren stor fridom til å forme musikkstykket slik ho vil.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rikskonsertene
  • Produsent: Hallgeir Frydenlund, produsent Rikskonsertene
    mail: hf@rikskonsertene.no
    tlf: 951 38 429
  • Idé/opplegg: Idé og utval: Tale Mydske
    Produksjon 2012: Matias Hilmar Iversen, produsent, Rikskonsertene og Ingrid Enger Damon, regi                                                                                                                                                                                             Produksjon 2014: Et samarbeid mellom Hallgeir Frydenlund, produsent, Rikskonsertene og Tharan Revfem, visuell utforming, koreografi

Om kunstner / utøver / gruppe

Tale Marie G. Mydske, mezzosopran, har mastergrad frå Noregs Musikkhøgskole i klassisk song, og songutdanning frå Franz Listz-akademiet i Weimar, Tyskland og frå Høgskolen i Stavanger. Ho har også utdanning i teater. Ho er oppteken av kombinasjonen teater og musikk og har både som songar og instruktør arbeida mykje med dette.

Solveig Lagos Andersen, sopran, er frå Romedal i Hedmark, utdanna ved Musikkonservatoriet i Stavanger og Operahøgskolen i Oslo. Solveig har vore engasjert av blant anna Norsk Kammeropera, Musikkteatret i Trondheim, Kirsten Flagstad Festival og  Oslo Operafestival. Solveig er også med i scenekunstgruppa MjøScene.

Mirjam Helene Kringen,  pianist frå Sandnes i Rogaland,  har ein mastergrad i akkompagnement frå Noregs Musikkhøgskole frå 2011. Ho er ein aktiv kammermusikar som rør seg mellom ulike sjangere.


Medvirkende

  • Mirjam Helene Kringen
  • Tale Marie Mydske
  • Solveig Lagos Andersen

Multimedia og vedlegg

Bilder

Lykkehjulet
Foto: Lars Opstad
Musikk / Klassisk musikk, samtid
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Hallgeir Frydenlund, produsent Rikskonsertene
mail: hf@rikskonsertene.no
tlf: 951 38 429
Programlengde
40
Maks publikumsantall
200
Arena / rom
Gymsal
Bærehjelp
Musikarane treng hjelp av 4 sterke elevar til å bere utstyr før og etter konserten.
Oppriggingstid
60 min.
Nedriggingstid
40 min.
Merknad
• Det er naudsynt med piano til denne konserten.
• Musikarane treng tilgang til straumuttak, to gonger 16 ampere.
• Musikarane brukar langveggen i konsertsalen. Elevane sit i vifteform med midtgang.
• Driftsansvarleg og involverte lærarar må få kopi av konsertinformasjonen.
• Kulturkontakt må vere tilgjengeleg. Hugs, det er alltid hyggeleg å bli møtt med ein kopp kaffi når ein kjem til ein ny plass.
Vedlegg
Arrangører
Arrangert av:
Rikskonsertene
Produsent:
Hallgeir Frydenlund, produsent Rikskonsertene
mail: hf@rikskonsertene.no
tlf: 951 38 429
Medvirkende
  • Mirjam Helene Kringen
  • Tale Marie Mydske
  • Solveig Lagos Andersen