Rikskonsertene
Postadresse: Postboks 4261 Nydalen, 0401 Oslo
Besøksadresse: Gullhaug torg 2, 0401
Telefon: 22 02 59 00 • kontakt: Fra 2016 er Rikskonsertene - sammen med DKS-sekretariatet - omgjort til Kulturtanken, Den kulturelle skolesekken Norge (se www.kulturtanken.no). Samtidig er musikk omgjort fra skolekonsertordning til et av seks kunst- og kulturuttrykk finansiert av spillemidler i DKS, og produksjon av musikkaktiviteter overført fullt ut til fylkeskommuner (og kommuner).
Albatrosh & Andreas NN
Produksjonsliste
Program

Albatrosh & Andreas NN

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Denne konserten handlar om å oppleve improvisasjonskunst på kloss hald. Innan all improvisasjon er påfunn, leik og openheit viktig. Musikarane kan gjere enkle variasjonar over eit ferdig tema, eller dei kan spele konsertar der svært lite eller ingenting er avtalt på førehand.

Jazzbandet Albatrosh har med seg animatør og digital teiknar Andreas Paleologos på denne turneen, og ingen konsert er lik den andre.

Under konserten vil publikum mellom anna få høyre ghaita - eit treblåsinstrument frå Nord-Afrika. Lyden til ghaitaen minner om obo og instrumentet er mellom anna kjend for å kunne ”temje” slangar – ghaita-musikarar kan få ein slange til å komme dansande opp av ei korg når ho høyrer den kraftige lyden frå instrumentet. Ghaita blir dessutan brukt i filmmusikken til Ringenes herre, i temaet til Mordor.

Lærerveiledning

BRUK KONSERTEN I NORSK-UNDERVISNINGA

Målgruppe: 8.- 10. årssteg

MÅL FRÅ LK06
Elevane skal kunne forstå, tolke og samanhalde opplysningar frå fleire uttrykksformer i ein samansett tekst (Norsk, Kompetansemål 7. årssteg)
Elevane skal kunne bruke digitalt opptaksutstyr og musikkprogram til å manipulere lyd og sette saman eigne komposisjonar.
(Musikk 10. årssteg)

Levande lyd til levande bilete
Lyd og bilete er kunstformar for historieforteljing. Når ein sett lyd til bilete kan uttrykka dra i same retning (koherens) eller jobbe med motstridane uttrykk (inkoherens).

Lyd og bilete er kunstformer for historieforteljing. Når ein set lyd til bilete kan uttrykka dra i same retning (koherens) eller jobbe med motstridane uttrykk (inkoherens).

Snakk med elevane om konserten dei har sett.
Kva for slags musikk høyrde dei? Kva for instrument vart brukt? Vart det nytta lydeffektar? Kva kan ha inspirert utøvarane som deltok? Trur elevane musikken eller bileta vart laga først? Skulle dei ønskje dei hadde høyrd anna musikk til bileta? Eller andre bilete til musikken?

Sjå ein teiknefilm. Først utan lyd. Så med lyd. Tredje gong setdu heilt anna lyd til teiknefilmen. Still same spørsmål til elevane

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rikskonsertene
  • Kunstnere/grupper: Albatrosh
  • Produsent: Produsent Morten Brenne
    Rikskonsertene, tlf. 22 02 59 65
    E-post: mobr@rikskonsertene.no

Om kunstner / utøver / gruppe

Årets unge jazzmusikarar i 2008, duoen Albatrosh, er særleg opptekne av krysningar mellom jazz og moderne klassisk musikk, sjølv om dei ønskjer å sjå bort frå alle sjangre og finne sin eigen stil.
www.albatrosh.com

Andreas Paleologos er visuell multikunstnar og har laga musikkvideoar for blant anna Dinosau og Hanne Hukkelberg.

www.palegolas.no


Medvirkende

  • Albatrosh
  • Eyolf Dale (piano)
  • André Roligheten (Saksofon)
  • Andreas Paleologos (digital tegner / animatør)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Albatrosh og Andreas
Foto: Andreas Paleologos (selvportrett)
Musikk / Jazz/blues
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Programlengde
40 minutt
Maks publikumsantall
300
Arena / rom
konsertsal/gymsal må vere blenda
Bærehjelp
Vi ber om at to elever er tilgjengeleg for hjelp til å bere utstyr før og etter konserten.
Merknad
  •  NB! Konsertlokalet må vere blenda slik at det blir mørkt. Da blir opplevinga av lysbileta/ teikningane som blir vist på veggen større.
    • NB! Eit nystemt akustisk piano på spelestaden er naudsynt.
    • Vi ber lærarane om å sitte saman med elevane for størst mogleg utbytte av konsertopplevinga.
    • Når publikum er på plass, er det hyggeleg om ein elev ønskjer velkomen til konsert og seier kva dei tre musikarane heiter (André, Eyolf og Andreas).
    • Musikarane brukar vanleg plassering langs langveggen i konsertsalen. Elevane sit på stolar i to halvsirklar rundt, delt av ein midtgang.
    • Det er alltid hyggeleg å bli møtt med kaffi og vatn når ein kjem til ein ny plass.
    • Straumuttak i nærleik av spelestaden er naudsynt.
    • Sjå til at det er normal romtemperatur i konsertlokalet.
    • Kulturkontakten bør vere tilgjengeleg under heile besøket.
Arrangører
Arrangert av:
Rikskonsertene
Produsent:
Produsent Morten Brenne
Rikskonsertene, tlf. 22 02 59 65
E-post: mobr@rikskonsertene.no
Medvirkende
  • Eyolf Dale (piano)
  • André Roligheten (Saksofon)
  • Andreas Paleologos (digital tegner / animatør)