Rikskonsertene
Postadresse: Postboks 4261 Nydalen, 0401 Oslo
Besøksadresse: Gullhaug torg 2, 0401
Telefon: 22 02 59 00 • kontakt: Fra 2016 er Rikskonsertene - sammen med DKS-sekretariatet - omgjort til Kulturtanken, Den kulturelle skolesekken Norge (se www.kulturtanken.no). Samtidig er musikk omgjort fra skolekonsertordning til et av seks kunst- og kulturuttrykk finansiert av spillemidler i DKS, og produksjon av musikkaktiviteter overført fullt ut til fylkeskommuner (og kommuner).
THE MARGARETS - med blanke ark
Produksjonsliste
Program

THE MARGARETS - med blanke ark

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Rune, Alex og Ronnie utgjer over halvparten av gutta i gruppa "The Margarets". Dei vil presentere tekstane, melodiane og historiane sine på ein malerisk måte! 

Lærerveiledning

Førebuingar

Låtane som blir spelt på konserten er henta frå produksjonen til The Margarets og cd'ane "What kept you", "Twenty years erased" og "Look for love". Nokre av tekstane og eit lydspor er lagt ut på denne konsertinformasjonen og vil kunne vere for- eller etterarbeid for dei eldste elevane, særleg innanfor engelskfaget.

Tematisk er det mykje å ta tak i med dei to tekstane "Sleep with the lights on" og "Look for love". Forsøk å tyde teksten og snakk litt om kva ein kan gjere dersom ein kjenner seg litt redd og åleine. Diskuter om korleis musikken forsterkar teksten og stemninga - eller ikkje? Kvifor - og kvifor ikkje?

Det er produsert eit aktivitetshefte innanfor form og farge til konserten - særleg eigna for dei yngste. Her er det berre å printe ut.

Plakater i farge og svart/kvitt ligg også som vedlegg - eigner seg som oppslag på skulen i forkant av konserten.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rikskonsertene
  • Produsent: Lene Elisabeth Torgersen Mordal, tlf. 482 96 853, e-post: lene.mordal@mrfylke.no
  • Idé/opplegg: Musikarane saman med produsent

Om kunstner / utøver / gruppe

Alle gutane i The Margarets er frå Giske på Sunnmøre. No er dei vaksne, men av og til møtast dei og gjer konsertar med bandet. I tillegg har dei eit kjempeflott og moderne musikkstudio på Giske. Om sommaren er dei arrangørar av tre festivalar i Ålesund/Giske: Midtsommerjazz, Sommerfesten og Jugendfesten.

Alex Rinde er vokalist i The Margarets, og han skriv dei fleste tekstane til bandet.

Ronnie MAG Larsen spelar perkusjon i The Margarets. Det betyr at han ristar på tamburinar, bjeller, slår på digre trommer og rotar rundt i ein stor haug med skrot som ingen veit namnet på. I takt, såklart.

Rune Berg er gitarist og låtskrivar i The Margarets. I det siste har han byrja å skrive ein del av tekstane til bandet. Rune spelar i tillegg i bandet Number Seven Deli.


Medvirkende

  • Alex Rinde (vokal)
  • Ronnie Larsen (perkusjon)
  • Rune Berg (gitar)

Multimedia og vedlegg

Bilder

The Margarets
The Margarets

Video/Lyd

Musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Programlengde
ca 40 min
Maks publikumsantall
150
Maks antall fremføringer per dag
3
Bærehjelp
Dei vil gjerne ha hjelp av 3-4 sterke elevar til å hjelpe til med bæring før og etter konserten
Lydutstyr
Musikarane har med lydustyr sjølv
Oppriggingstid
45 min.
Nedriggingstid
30 min.
Strøm
2 X 16 Á er rikeleg
Merknad for spillested
Aldersblanding er ikkje naudsynt. Ha gjerne 1.-4.trinn og 5.-7.trinn kvar for seg dersom max publ.tal ikkje overstig 150 på kvar konsert. NB! Utøvarane vil gjerne låne 4 stolar på scena.
Lenker
Arrangører
Arrangert av:
Rikskonsertene
Produsent:
Lene Elisabeth Torgersen Mordal, tlf. 482 96 853, e-post: lene.mordal@mrfylke.no
Medvirkende
  • Alex Rinde (vokal)
  • Ronnie Larsen (perkusjon)
  • Rune Berg (gitar)