Rikskonsertene
Postadresse: Postboks 4261 Nydalen, 0401 Oslo
Besøksadresse: Gullhaug torg 2, 0401
Telefon: 22 02 59 00 • kontakt: Fra 2016 er Rikskonsertene - sammen med DKS-sekretariatet - omgjort til Kulturtanken, Den kulturelle skolesekken Norge (se www.kulturtanken.no). Samtidig er musikk omgjort fra skolekonsertordning til et av seks kunst- og kulturuttrykk finansiert av spillemidler i DKS, og produksjon av musikkaktiviteter overført fullt ut til fylkeskommuner (og kommuner).
Majorstuen / Folkemusikarane i Sogn og Fjordane
Produksjonsliste
Program

Majorstuen / Folkemusikarane i Sogn og Fjordane

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Konsert og kurs med våre fremste folkemusikarar

I dette utvida programtilbodet vil elevane få møte det prisløna ensemblet Majorstuen i ein forrykande konsert som utvidar grensene for kva musikalske krumspring som kan gjerast innanfor ei folkemusikalsk ramme. Ensemblet har vunne spelemannsprisar, og er vidgjetne innanfor sitt særeigne og utadvende uttrykk der dei omtrent ikkje står i ro eit einaste sekund. 

Som ei oppvarming til denne konserten skal også elevane få prøve seg. Fylkesmusikarane i Sogn og Fjordane vil gje nokre elevar / elevgrupper som skulen veljer ut, ei rask innføring i både song, spel og dans. Dette vil føregå på ein øvingstime same dag som konserten skal vere (sjå konsertplan for tidspunkt). Denne lærdomen vil elevane få høve til å syne fram saman med Fylkesmusikarane i fyrste delen av konserten før Majorstuen kjem på scena, slik at det vert eit meir omfattande opplegg enn ein vanleg skulekonsert. 

Det er produsert ein eigen konsertinformasjon for konserten med Majorstuen (sjå menyen til høgre for nedlasting).

Turnéen er ein del av fylkesjubileet "Sogn og Fjordane 250 år".

Førearbeid - elevmedverknad

Øvingstimen i framkant av konserten vil gje nokre elevar høve til å lære om hallingdans, toraderspel og folkesong.

Kurset vil vere delt i tre parallelle delar. Vidar Underseth vil ta ansvar for hallingdansen med Sigmund Eikås som spelemann, og Oddbjørn Ramstad vil gje eit lynkurs i toraderspel. Elin Grytting vil saman med ei elevgruppe sjå nærmare på songtradisjonane i fylket, der elevane sjølv får lære seg ein frisk folketone eller to.

Vi ber difor om at skulen på førehand finn interesserte elevar som kan tenkje seg å lære seg å danse halling, synge ein folkesong eller eit stev og spele torader, både gutar og jenter.

* Hallingdans: Skulen plukkar ut 10- 20 elevar.

* Folkesonggruppa kan vere på ca 3-10 elevar.

* Toraderkurset:  Her er det ikkje plass til fleire enn 5 elevar på grunn av av talet på disponible instrument. Elevar som har med seg eigne toradarar/trekkspel kan ev. kome i tillegg. 

Målet er at fylkesmusikarane saman med elevane øver inn 3-4  innslag som skal brukast i fyrste del av konserten. Deretter vil Majorstuen overta scenen og framføre sitt nyproduserte skulekonsertprogram.

Vel møtt til ein utvida skulekonsert med folkemusikk i mange variantar. Konserten er ein samproduksjon med Rikskonsertane.

Kommunar våren 2013: Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Vågsøy, Selje, Stryn, Jølster

Turneperiode våren 2013: 4. - 15. mars 

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rikskonsertene
  • Produsent: Hallgeir Frydenlund, Rikskonsertane og Øyvind Lyslo, Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • I samarbeid med: Rikskonsertane

Om kunstner / utøver / gruppe

MAJORSTUEN

Medlemmene i Majorstuen møttest som studentar på Noregs musikkhøgskole, og spelte saman som sekstett frå 2002 til 2009. Dei siste tre åra har dei vore ein kvintett. Majorstuen er ei forfriskande oppleving: energi og eleganse, utstråling og sjarm, humor ogsjølvironi, trøkk og tæl. Med andre ord – Majorstuen byr på musikk som freistar! Det er ingen tvil om at dei har det meir enn hyggjeleg saman, og at dei er utruleg samspelte. I den eine augneblinken er musikken full av lengsel, den neste stinn av sjølvbevisst la-oss-gå-ut-i-verda-denne-herlege-morgonen-humør. Fire av medlemmene er oppvaksne i ulike strøk av Noreg, og har teke med seg kvar sin lokale folkemusikktradisjon. Synnøve S. Bjørset kjem frå Vestlandet på sitt mest vestlandske – frå ei hardingfelegrend i Jølster. Tove Hagen er stigen ut av dei mollrike østerdalsskogane. Andreas Ljones har med seg den sterke gudbrandsdalstradisjonen. Jorun Marie Kvernberg er frå havsalte Fræna i Romsdal. Anders Löfberg frå eit sterkt folkemusikkmiljø i Småland i Sverige blandar seg fint inn med dei norske medlemmene av Majorstuen. Med liv og leikelyst vidareforedlar gruppa dei ulike musikalske dialektane sine. Majorstuen er ei sterk blanding av rytme og klang, nytt og gammalt repertoar. Alle speler fele, nokre av dei vekslar iblant til cello eller bratsj.

FYLKESMUSIKARANE I SOGN OG FJORDANE

Fylkesmusikarane i Sogn og Fjordane driv både opplæring og undervisning, i tillegg til at dei er utøvarar på svært høgt nivå innan sine felt. Ordninga vart oppretta i 1989 og er finansiert av fylkeskommunen. Fleire av utøvarane har fått nasjonale prisar og utmerkingar, og dei står også bak mange kritikarroste CD-produksjonar. I dag er det Elin Grytting (folkesong), Oddbjørn Ramstad (trekkspel), Sigmund Eikås (hardingfele) og Vidar Underseth (hardingfele/fele/dans) som er tilsett. Synnøve S. Bjørset har for tida permisjon frå si stilling som fylkesmusikar.


Medvirkende

  • Synnøve S. Bjørset (fele)
  • Andreas Ljones (fele)
  • Jorun Marie Kvernberg (fele)
  • Tove Hagen (fele, cello)
  • Anders Löfberg (fele, cello)
  • Sigmund Eikås (hardingfele)
  • Oddbjørn Ramstad (trekkspel, toradar, einradar)
  • Elin Grytting (folkesong)
  • Vidar Underseth (fele, hardingfele, dans)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Majorstuen
Elin Grytting
Foto: Vegard Fimland
Vidar Underseth
Foto: Vegard Fimland
Sigmund Eikås
Foto: Vegard Fimland
Oddbjørn Ramstad
Foto: Vegard Fimland
Musikk / Tradisjonsmusikk, norsk
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Programlengde
ca. 45-50 minutt
Maks publikumsantall
220
Arena / rom
Gymsalen ved skulen eller anna eigna lokale
Vedlegg
Arrangører
Arrangert av:
Rikskonsertene
Produsent:
Hallgeir Frydenlund, Rikskonsertane og Øyvind Lyslo, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Medvirkende
  • Synnøve S. Bjørset (fele)
  • Andreas Ljones (fele)
  • Jorun Marie Kvernberg (fele)
  • Tove Hagen (fele, cello)
  • Anders Löfberg (fele, cello)
  • Sigmund Eikås (hardingfele)
  • Oddbjørn Ramstad (trekkspel, toradar, einradar)
  • Elin Grytting (folkesong)
  • Vidar Underseth (fele, hardingfele, dans)