Rikskonsertene
Postadresse: Postboks 4261 Nydalen, 0401 Oslo
Besøksadresse: Gullhaug torg 2, 0401
Telefon: 22 02 59 00 • kontakt: Fra 2016 er Rikskonsertene - sammen med DKS-sekretariatet - omgjort til Kulturtanken, Den kulturelle skolesekken Norge (se www.kulturtanken.no). Samtidig er musikk omgjort fra skolekonsertordning til et av seks kunst- og kulturuttrykk finansiert av spillemidler i DKS, og produksjon av musikkaktiviteter overført fullt ut til fylkeskommuner (og kommuner).
Blues for borna - NN
Produksjonsliste
Program

Blues for borna - NN

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Har du ein dårleg dag - spel ein blues, så blir det kanskje betre!

- Dette er ein song om sånne dagar då du aldri skulle ha stått opp. Då alt går på tverke og dei andre berre gliser rått….

Slik startar Lillebjørn Nilsens song "Blues når du var 15". Bluessongar er ofte små historier om heilt kvardagslege ting. Blue betyr blå, og når ein er blue på engelsk, tyder det at ein er trist. Om du har ein dårleg dag og vil at den skal bli betre, kan du spele ein blues, er det nokre som seier. Men ein blues er ikkje berre trist, songane kan faktisk vere både triste, glade, sinte, tullete - eller noko midt i mellom.

På konserten skal de få vere med å synge Lillebjørn Nilsens kjende bluesmelodi "Haba Haba!". Så treng musikarane også dykkar hjelp til å lage ein skikkeleg bra blueslåt. Om de har lyst til å sjå ut som ekte bluesfans, kan de ta på dykk ein gammal hatt eller sixpence og solbriller.

Lærerveiledning

Spontanskriving med tema blues

Mål LK06
Eleven skal kunne meistre eit tilstrekkeleg ordforråd til å uttrykke kunnskap, erfaring, opplevingar, kjensler og eigne meiningar (norsk 4. årssteg). Eleven skal kunne gje uttrykk for eigne reaksjonar på film, bilete og musikk (engelsk 7. årssteg).

Fag: Norsk eller engelsk
Tidsramme: ca. 1 time

Framgangsmåte for etterarbeidet
Elevane skriv kvar for seg og ut frå eigen inspirasjon og assosiasjon i 10 minutt kring temaet for konserten: Blues. Det er ingen reglar for innhald, men det er ikkje lov å løfte pennen frå papiret eller stoppe skrivinga i løpet av desse 10 minutta. Prosessen er like viktig som resultatet. Elevane les tekstane sine høgt i grupper på fire. Nokre av tekstene vert lesne høgt i plenum.

Ein kan gjennomføre den same øvinga fleire gonger ut frå same inspirasjon og assosiasjon, men med føringar på form eller sjanger, td. ein gong som eventyr (Det var ein gong ein blues…), deretter som sjølvbiografi (Meg og bluesen min…), eller som dikt (Blues, hus, lus, brus…) eller som ein fagleg tekst innan td. musikk eller samfunnsfag (History of the blues…).

For dei eldste elevane kan opplegget også gjennomførast på engelsk.

Kvifor
• Ved spontanskriving opnar elevane for andre skriveopplevingar enn vanleg, fordi dei ikkje har tid til å vere kritiske eller sensurerande undervegs i skriveprosessen.
• Gjennom øvinga vil elevane ”skrive seg inn i” konserten. Dei lagar si eiga historie og skapar ei djupare forståing for temaet. Dette kan auke effekten av konsertopplevinga.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rikskonsertene
  • Produsent: Torstein Ellingsen, Rikskonsertene
  • Idé/opplegg: Musikarane i samarbeid med Torstein Ellingsen, Rikskonsertane

Om kunstner / utøver / gruppe


Medvirkende

  • Eirik Bergene (munnspill, bass, vokal)
  • Alexander Pettersen (trommer, vokal)
  • Erik Harstad (gitar, vokal)

Multimedia og vedlegg

Bilder

BLUES FOR BARNA (ill: Espen Liland)
Musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Produsent Torstein Ellingsen
Rikskonsertane, tlf. 22 02 59 24
E-post: te@rikskonsertane.no
Programlengde
40 min
Maks publikumsantall
160
Bærehjelp
Vi ber om at tre elevar møter musikarane og hjelper til med å bere utstyr 45 minutt på førehand.
Oppriggingstid
60 min.
Nedriggingstid
30 min.
Strøm
2 x 16 A
Merknad
• Skulen må syte for tilrettelegging av konsertlokalet.
• Ver venleg å sjå til at det er normal romtemperatur i lokalet.
• Stolane må setjast fram før musikarane kjem.PUBLIKUMSPLASSERING:
• Musikarane nyttar vanleg plassering, midt på den eine langveggen i konsertlokalet.• Musikarane ynskjer at publikum sit på benkar (lengst framme) og stolar i ein brei halvsirkel rett framfor sceneområdet.• Når det er fleire konsertar på same skule ynskjer musikarane god aldersspreiing på kvar konsert. Store elevar saman med små er ein føremon. Ein måte å gjere dette på kan td. vere at A-klassene går på den fyrste konserten, deretter B-klassene, eller at 2., 4. og 6. klassene er på den eine konserten og 1., 3., 5. og 7. klasse på den andre. Talet på elevar bør vere nokolunde likt på kvar konsert.• Det er ynskjeleg at lærarane sit i lag med elevane på konserten.KULTURKONTAKTEN
• Kulturkontakten tek imot dei tre musikarane, og er vertskap under heile besøket på skulen. Kaffi og vatn til musikarane er alltid populært!

KONFERANSIER(AR)
• Når publikum er kome på plass, er det hyggeleg om ein elev (eller to) tek mikrofonen, ynskjer velkomen til konsert og seier kva dei tre musikarane heiter (Erik, Eirik og Alexander).
Arrangører
Arrangert av:
Rikskonsertene
Produsent:
Torstein Ellingsen, Rikskonsertene
Medvirkende
  • Eirik Bergene (munnspill, bass, vokal)
  • Alexander Pettersen (trommer, vokal)
  • Erik Harstad (gitar, vokal)