Rikskonsertene
Postadresse: Postboks 4261 Nydalen, 0401 Oslo
Besøksadresse: Gullhaug torg 2, 0401
Telefon: 22 02 59 00 • kontakt: Fra 2016 er Rikskonsertene - sammen med DKS-sekretariatet - omgjort til Kulturtanken, Den kulturelle skolesekken Norge (se www.kulturtanken.no). Samtidig er musikk omgjort fra skolekonsertordning til et av seks kunst- og kulturuttrykk finansiert av spillemidler i DKS, og produksjon av musikkaktiviteter overført fullt ut til fylkeskommuner (og kommuner).
Jorge Cordero & Son Classico NN
Produksjonsliste
Program

Jorge Cordero & Son Classico NN

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Velkomen til eit glimt inn i Cuba si spanande musikkhistorie!

På scena: Ein far, ein son og ein trommeslagar! Repertoaret på denne konserten spenner frå chachacha og mambo til rumba og rap. Kanskje får publikum også servert ein nyare latino-hit? Vi lovar stor speleglede og variasjon, men samstundes også ein rytmisk og harmonisk heilskap. Dei cubanske salsa-rytmane gjer at du får lyst til å røre på deg! 

Lærerveiledning

Lytt til konsertopptak

Skulane får ei CD-plate i posten med eit konsertopptak som skal spelast for elevane før konsertbesøket. Publikum bør lære å klappe i clave-takt, og ha høyrt dei to enkle refrenga (sjå spansk tekst nedanfor), så dei kan synge med på konserten: 1. Son de la loma Ya se va, el manicero, ya se va Vendele mani, manicero, vendele mani... 2. Guantanamera Guantanamera, guajira guantanamera...

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rikskonsertene
  • Produsent: Torstein Ellingsen, Rikskonsertane
  • Idé/opplegg: Musikarane i samarbeid med Torstein Ellingsen

Om kunstner / utøver / gruppe

Jorge Cordero (vokal, gitar) er cubanar og er oppvaksen i ein familie med fleire aktive musikarar og songarar. Musikken hans kan karakteriserast som ei blanding av salsa frå Cuba, Puerto Rico og New York. I dei seinare åra har han samarbeidd med musikarar fra fleire land, miljø og sjangrar, som Kid Creole, Outlandish, Moises Gonzalez og Alex Arias. Den store salsa-gruppa hans, som også Yannik og Mick spelar i, har base i Danmark, og konsertane og platene deira er svært populære.


Medvirkende

  • Jorge Luis Cordero (Vokal/gitar)
  • Carlos Alfredo Jeldes Ramirez (Perkusjoner)
  • Yannik Hartig (piano)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Jorge Cordero
Foto: http://www.cordero.dk
Jorge Cordero
Foto: http://www.cordero.dk
Jorge Cordero
Foto: http://www.cordero.dk
Jorge Cordero & Son Classico
Jorge Cordero & Son Classico
Jorge Cordero & Son Classico
Musikk / World Music, tradisjonell
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Programlengde
Ein skuletime
Maks publikumsantall
150
Formidling
Når publikum er på plass, er det hyggeleg dersom ein av elevane ynskjer velkomen til konserten og seier kva musikarane heiter. Det er ei føremon at lærarane sit saman med elevane på konserten.
Rom/areal, bredde, lengde, takhøyde, veggareal
Gymsal på/ved skulen
Strøm
Straumuttak i nærleiken av spelestaden er naudsynt (16A).
Merknad om publikumsplassering
Musikarane ynskjer at publikum sit på på matter og benkar i ein brei halvsirkel framfor dei.
Scene
Musikarane bruker vanleg plassering, midt på den eine langveggen i konsertlokalet.
Merknad
Kulturkontakten tek imot musikarane, viser dei til rette, og er verten deira når musikarane er på skulen. Vi ber om at fire personar møter musikarane og hjelper til med å bere utstyr 40 minutt før konserten og 20 min. etter konserten. Dersom det er fleire konsertar på skulen, treng dei berehjelp etter den siste av konsertane. Ver venleg å sjå til at det er normal romtemperatur i konsertlokalet. Kaffi og vatn til musikarane er alltid populært! Vaktmeisteren må få eit eksemplar av denne konsertinformasjonen.
Arrangører
Arrangert av:
Rikskonsertene
Produsent:
Torstein Ellingsen, Rikskonsertane
Medvirkende
  • Jorge Luis Cordero (Vokal/gitar)
  • Carlos Alfredo Jeldes Ramirez (Perkusjoner)
  • Yannik Hartig (piano)