Rikskonsertene
Postadresse: Postboks 4261 Nydalen, 0401 Oslo
Besøksadresse: Gullhaug torg 2, 0401
Telefon: 22 02 59 00 • kontakt: Fra 2016 er Rikskonsertene - sammen med DKS-sekretariatet - omgjort til Kulturtanken, Den kulturelle skolesekken Norge (se www.kulturtanken.no). Samtidig er musikk omgjort fra skolekonsertordning til et av seks kunst- og kulturuttrykk finansiert av spillemidler i DKS, og produksjon av musikkaktiviteter overført fullt ut til fylkeskommuner (og kommuner).
Melankoliens historie
Produksjonsliste
Program

Melankoliens historie

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

"Melankoli er gleda ved å vere trist."
(
Victor Hugo)

Det blir ofte sagt at ein melankolikar er eit unntaksmenneske som kan bli ramma av både galskap og genialitet, øydelegging og skaping. Melankoli er blitt sett på som ein kunstnarisktilstand ein helst bør ha solide porsjonar av for å lage djup og inderleg musikk. Dessutan, kven har vel ikkje høyrt om “kunstnarmyten”, altså at ein må lide for kunsten? Det skal ikkje vere for lett eller for enkelt å skape stor kunst. Men det rare er: Forsking viser at dette faktisk stort sett er korrekt.

Musikkhistoria er full av lidingshistorier om store komponistar og instrumentalistar som har vore geniale i kunsten og musikken sin, men som har bore alvorlege personlege lidingar med seg gjennom livet.

Den kritikarroste songaren og artisten Paal Flaata og den faste keyboardisten hans Gøran Grini har gjort eit lite djupdykk i songane til nokre artistar som ofte blir nemnde som melankolikarar. Dei har lytta seg gjennom musikken, funne fram til nokre perler og laga eit skolekonsertprogram basert på nydelege, sørgmodige songar frå legender som Johnny Cash, Jeff Buckley og Leonard Cohen, for å nemne nokre. Konserten blir eit gjenhøyr med melankoliske klassikarar som de truleg har høyrt anten på radio eller på tv éin eller fleire gonger. Her blir det lov til å lene seg tilbake, kanskje lukke auga litt, og la den neddempa stemninga breie seg innover i kroppen.

Lærerveiledning

KORLEIS STYRKJE KONSERTOPPLEVINGA


• Vi ber om at lærarane set seg saman med elevane og er publikum og opplever konserten på lik linje med elevane.

• Bruk konsertinformasjonen og informer elevane, skoleleiinga og lærarane om innhald og praktiske opplysningar.

• Rikskonsertane har god erfaring frå skolar som bruker elevvertar og elevarrangørar. Sjå www.rikskonsertene.no/eleversomarrangorer  for meir informasjon.

• Gjer elevane kjende med programmet. Dei førebudde møta er ofte dei beste.

• Bruk også Bruk konserten-materiellet som ligg ved. Eigarskapen til og effekten av konserten aukar når besøket er forankra i undervisninga og læringsmåla på skolen.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rikskonsertene
  • Produsent: Produsent Torstein Ellingsen, tlf. 22 02 59 65, e-post: te@rikskonsertane.no

  • I samarbeid med: Rikskonsertane

Om kunstner / utøver / gruppe


Medvirkende

  • Paal Flaata (vokal)
  • Gøran Grini (Tangentinstrumenter)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Paal Flaata
Musikk
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Programlengde
40 min
Maks publikumsantall
220
Bærehjelp
Musikarane treng berehjelp av 6 sterke elevar/lærarar for opprigg og nedrigg etter siste
Oppriggingstid
45 min.
Merknad om publikumsplassering
• Publikum bør plasserast i lengderetninga, slik at musikarane står på kortenden av lokalet. Det vil vere litt forskjellig frå stad til stad kva som er hensiktsmessig plassering. Ta ei lita drøfting med musikarane når dei kjem, slik at de eventuelt kan gjere små justeringar. Det er behov for om lag 7 meter frå bakveggen og fram til første rad.
Må blendes
Ja
Merknad for spillested
• Merknad: Dersom elevane (elevrådet) er arrangørar, kan de skape ei intim og “ melankolsk” stemning i lokalet. Bruk for eksempel gjerne stearinlys om skolen tillèt det.
Merknad
PRAKTISKE KONSERTFØREBUINGAR

• Konsertlokalet må vere klart for opprigg for musikarane ca. 1 time før den første konserten.

• Musikarane treng straumuttak – 2 x 16 ampere.

• Driftsansvarleg og involverte lærarar må få ein kopi av denne konsertinformasjonen.

• Kulturkontakten må vere tilgjengeleg under heile besøket. Hugs elles at det alltid er hyggjeleg å bli møtt med ein kopp kaffi eller te når ein kjem til ein ny stad.
Vedlegg
Arrangører
Arrangert av:
Rikskonsertene
Produsent:
Produsent Torstein Ellingsen, tlf. 22 02 59 65, e-post: te@rikskonsertane.no

Medvirkende
  • Paal Flaata (vokal)
  • Gøran Grini (Tangentinstrumenter)