Rikskonsertene
Postadresse: Postboks 4261 Nydalen, 0401 Oslo
Besøksadresse: Gullhaug torg 2, 0401
Telefon: 22 02 59 00 • kontakt: Fra 2016 er Rikskonsertene - sammen med DKS-sekretariatet - omgjort til Kulturtanken, Den kulturelle skolesekken Norge (se www.kulturtanken.no). Samtidig er musikk omgjort fra skolekonsertordning til et av seks kunst- og kulturuttrykk finansiert av spillemidler i DKS, og produksjon av musikkaktiviteter overført fullt ut til fylkeskommuner (og kommuner).
Trekkspel på tur
Produksjonsliste
Program

Trekkspel på tur

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Med knappar, rader og belg
Elevane skal ut på tur med to trekkspelarar, ei musikalsk reise der dei vil besøke mange ulike land og mange ulike typar musikk (sjangre).

Duo Jupiter består av Lars Røyseng og Stian Aase, og dei har turnert landet rundt for Rikskonsertane dei siste åra med framsyninga ”Trekkspel på tur”.

Det er ei konsertframsyning der elevane mellom anna får oppleve musikk frå Noreg, Russland, Frankrike og Argentina. Trekkspelet står sterkt i mange kulturar rundt i verda, og gjennom framsyninga får elevane kjennskap til både instrument og musikktradisjonar. På konserten høyrer dei både kjend og ukjend musikk, dei blir utfordra, overraska og engasjert gjennom dialog og samspel, og nokon vågar kanskje å kome fram og spele på trekkspel saman med musikarane… 

Lærerveiledning

PRAKTISK KONSERTFØREBUING

Bruk konserten

Det finst kanskje nokon i personalet eller blant elevane som speler trekkspel og kan ta med seg spelet på skolen ein dag? Dersom det finst elevar som speler trekkspel, kan dei ta kontakt med musikarane i god tid før konserten begynner. Kanskje nokon kan få komme opp og spele litt sjølv på konserten? Eller prøve treradaren dei har med seg (knappespel, norsk system)?

Du kan lese meir om trekkspel her: www.trekkspill.no

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rikskonsertene

Om kunstner / utøver / gruppe

Lars Røyseng kjem frå Bærum, og begynte å spele akkordeon som 8-åring i den lokale musikkskolen. Etter mange år på skolebenken tok han avsluttande eksamen ved Noregs musikkhøgskole i 2002. Lars er no lærar ved Kulturskolen i Sandefjord, frilansmusikar og dirigent. Han har også jobba ein del som teatermusikar, og har vore instruktør på seminar for trekkspelarar.

Stian Aase kjem frå Sotra, og akkurat som Lars begynte han i musikkskole og enda opp med eksamen frå Noregs musikkhøgskole i 2002. Stian er for tida lærar ved Kulturskolen i Ås og frilansmusikar innan klassisk musikk og folkemusikk. Han har gjort fleire turnear for Musikk i Nordland og Rikskonsertane og vore teatermusikar og instruktør på seminar.

Lars og Stian begynte å spele saman på Musikkhøgskolen, og har vunne fleire prisar for det flotte spelet sitt - både som solistar og duo - i konkurransar i Noreg, Italia og Tyskland. For meir informasjon om musikarane sjå www.duojupiter.com.


Medvirkende

  • Lars Røyseng (Trekkspel)
  • Stian Aase (Trekkspel)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Trekkspel på tur
Trekkspel på tur
Musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Programlengde
45 min
Maks publikumsantall
150
Maks antall fremføringer per dag
3
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
25 min.
Strøm
1 el. uttak, 16 A
Merknad om publikumsplassering
Musikarane nyttar langveggen. Elevene sit i amfi bygd opp av matter, benker og stolar. Formidlingssituasjonen blir som regel styrkja av at lærarane sit saman med elevane.
Arrangører
Arrangert av:
Rikskonsertene
Medvirkende
  • Lars Røyseng (Trekkspel)
  • Stian Aase (Trekkspel)