Rikskonsertene
Postadresse: Postboks 4261 Nydalen, 0401 Oslo
Besøksadresse: Gullhaug torg 2, 0401
Telefon: 22 02 59 00 • kontakt: Fra 2016 er Rikskonsertene - sammen med DKS-sekretariatet - omgjort til Kulturtanken, Den kulturelle skolesekken Norge (se www.kulturtanken.no). Samtidig er musikk omgjort fra skolekonsertordning til et av seks kunst- og kulturuttrykk finansiert av spillemidler i DKS, og produksjon av musikkaktiviteter overført fullt ut til fylkeskommuner (og kommuner).
Chili Vanilla - NN
Produksjonsliste
Program

Chili Vanilla - NN

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Når ein skal sette saman eit band, til dømes ein trio, er det vanlegaste at ein har ein som syng, ein som speler trommer, og ein som speler gitar - altså rytme, melodi og song. Eller om ein vel instrumental-trio, då går ein gjerne for bass, gitar og trommer.

Chili Vanilla har valt ei heilt original besetning, med trommer, tuba og song. Det gjer at musikken deira også blir original, og ikkje høyrast ut som noko anna. Synne syng vakrare enn nokon andre, Siv er ein av dei beste unge trommeslagarane i Noreg akkurat no, og Steffen har den mest groovy rytme-tubaen som finst.

Chili Vanilla er noko heilt for seg sjølv. Heldigvis.

Om bandet, navnet og de tre musikalske s-ane
Chili er sterkt. Vanilje er søtt. Chili Vanilla er ein slik kontrast; søtt og hot, hardt og mjukt, raskt og roleg. Dei er ikkje eit jazzband. Ikkje pop. Ikkje korps. Ikkje prog. Men læt litt som alt dette.

Kva var byrjinga for dei tre musikalske S'ane i Chili Vanilla?

Steffen 
- Eg starta i korps, med baryton, sju år gamal. Fekk ikkje lov å spille trommer, for mamma ville ikkje at eg skulle bære stortromme i 17. mai-toget. Gjekk over til tuba etter fem år.

Synne
- Eg byrja å syngje i kristent kor åtte år gamal, og syntes det var kjempegøy. I 7. klasse skjønte eg at det var song eg ville drive med, og byrja å skrive eigne tekster. Første songtekst het ?Two different worlds?, og den framførte eg aleine på UKM i Bø, då eg var 15 år.

Siv
Eg byrja med piano då eg var seks år. Då eg byrja i korps ville eg spela tromme, men fekk spela bekken i mitt første 17. mai-tog. Eg spela i band frå då eg var 13 år. Også har eg spela pauker (store trommer) med klassiske orkestre.

http://www.chilivanilla.no/home.php

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rikskonsertene
  • Kunstnere/grupper: Chili Vanilla
  • Produsent: Rikskonsertane
  • Idé/opplegg: Chili Vanilla, saman med produsent Torstein Ellingsen i Rikskonsertane.

Om kunstner / utøver / gruppe


Medvirkende

  • Chili Vanilla
  • Synne Sanden (Vokal)
  • Steffen Granly (Tuba)
  • Siv Øyunn Kjenstad (Trommer)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Chili Vanilla
Foto: Andreas Ulvo

Video/Lyd

Musikk / Pop/rock
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Produsent Torstein Ellingsen i Rikskonsertane, mobil 917 13 877
Programlengde
40
Maks publikumsantall
200
Arena / rom
Gymsal eller tilsvarande
Bærehjelp
Fire sterke elevar
Oppriggingstid
50 min.
Nedriggingstid
30 min.
Arrangører
Arrangert av:
Rikskonsertene
Produsent:
Rikskonsertane
Medvirkende
  • Synne Sanden (Vokal)
  • Steffen Granly (Tuba)
  • Siv Øyunn Kjenstad (Trommer)