Rikskonsertene
Postadresse: Postboks 4261 Nydalen, 0401 Oslo
Besøksadresse: Gullhaug torg 2, 0401
Telefon: 22 02 59 00 • kontakt: Fra 2016 er Rikskonsertene - sammen med DKS-sekretariatet - omgjort til Kulturtanken, Den kulturelle skolesekken Norge (se www.kulturtanken.no). Samtidig er musikk omgjort fra skolekonsertordning til et av seks kunst- og kulturuttrykk finansiert av spillemidler i DKS, og produksjon av musikkaktiviteter overført fullt ut til fylkeskommuner (og kommuner).
Skakke sanger
Produksjonsliste
Program

Skakke sanger

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Musikarane i denne konserten bur i ei rar verd, og dei veit om mange skumle folk og dyr. Her er songar om vampyrar, farlege fisk og ein dansande krokodille. Dei songande dei ikkje fann, laga dei like godt sjølv. Og dei blei nok dei aller skumlaste.

Av og til skremmer dei både deg og kvarandre, og då ler dei godt etterpå. Dette blir litt morosamt, litt alvorleg, litt stille og litt uhyggeleg. Musikarane er trøtte og søv når konserten startar, så du må lista deg stille inn for ikkje å vekka dei.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rikskonsertene
  • Idé/opplegg: Musikarane i samarbeid med produsent i Rikskonsertane/Kulturtanken, Torstein Ellingsen (permisjon)

Om kunstner / utøver / gruppe


Medvirkende

  • Britt-Synnøve Johansen (vokal)
  • Johan Egdetveit (trekkspel)
  • John Lilja (kontrabass, mandolin, vokal)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Skakke sanger
Foto: Skakke sanger
Musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Morten Brenne, produsent i Rikskonsertene/Kulturtanken:
mb@rikskonsertene.no
mobil: 907 58 875
Programlengde
45
Maks publikumsantall
150
Arena / rom
Gymsal. Det er viktig at dette er eit skjerma lokale der det ikkje er gjennomgang for andre enn publikum. Musikarane vil ha scena si midt på den eine kortveggen i konsertlokalet.
Bærehjelp
Me ber om at tre elevar møter musikarane og hjelper til med å bæra utstyr 40 minutt før fyrste konsert og 20 minutt etter siste konsert.
Oppriggingstid
40 min.
Nedriggingstid
20 min.
Strøm
Det er naudsynt med straumuttak nær spelestaden.
Merknad om publikumsplassering
Konserten er produsert for gymsal, der publikum ikkje sit på stolar, men på matter og benkar i ein brei halvsirkel framføre musikarane.
Merknad
Det er viktig med god aldersspreiing på konsertane, med store og små barn saman. Konserten er produsert for aldersgruppa 1. til 7. klasse. For at konserten skal fungera for føremålet er det essensielt at heile aldersgruppa er representert på konserten.

Før konsertstart stiller alle elevane opp utanfor konsertlokalet. Når alle er på plass, må ein lærar sjekka at musikarane er klare, og så må alle elevane lista seg inn fordi musikarane søv og ikkje må uroast. Dette inneber at konserten startar imedan elevane kjem på plass. Dersom nokon av elevene vil seia takk for konserten etterpå, er dei velkomne til det.

Me ber om at lærarane set seg saman med elevane, der dei er publikum og opplever konserten på lik linje med elevane.
På denne konserten er det fint med deltaking og litt liv og røre i salen. Me ber kulturkontakten om å  vera tilgjengeleg under gjestinga. Og hugs, det er alltid hyggeleg å bli møtt med ein kopp kaffi når ein kjem til ein ny stad.

Driftsansvarleg og dei involverte lærarane må få ein kopi av denne informasjonen.
Arrangører
Arrangert av:
Rikskonsertene
Medvirkende
  • Britt-Synnøve Johansen (vokal)
  • Johan Egdetveit (trekkspel)
  • John Lilja (kontrabass, mandolin, vokal)