Rikskonsertene
Postadresse: Postboks 4261 Nydalen, 0401 Oslo
Besøksadresse: Gullhaug torg 2, 0401
Telefon: 22 02 59 00 • kontakt: Fra 2016 er Rikskonsertene - sammen med DKS-sekretariatet - omgjort til Kulturtanken, Den kulturelle skolesekken Norge (se www.kulturtanken.no). Samtidig er musikk omgjort fra skolekonsertordning til et av seks kunst- og kulturuttrykk finansiert av spillemidler i DKS, og produksjon av musikkaktiviteter overført fullt ut til fylkeskommuner (og kommuner).
JAZZFIGUR - i tråd med musikken - NN
Produksjonsliste
Program

JAZZFIGUR - i tråd med musikken - NN

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg


Lille Håkon strevar med å lære seg å sykle, medan trollet er på evig jakt etter gull. Alle dokkene vi møter i denne konserten, har sitt å stri med. Det er utgangspunktet for jazzkabareten ”I tråd med musikken”, der veteranar frå norsk jazzmiljø og norsk figurteater samarbeider om ei stor musikk- og teaterframsyning.

Jazz og figurteater er ikkje så ulike kunstformer som ein skulle tru. Begge tek utgangspunkt i folkelege former, og begge byggjer på improvisasjon.

JazzFigur – i tråd med musikken hadde premiere i 2002 og har sidan vore på ei rekkje turnear for Rikskonsertane – faktisk heilt til India.

Lærerveiledning

Hvordan styrke konsertopplevelsen


• Vi ber om at lærarane set seg saman med elevane og er publikum og opplever konserten på lik linje med elevane.

• Bruk konsertinformasjonen og informer elevane, skoleleiinga og lærarane om innhaldet i konserten i tillegg til å gi dei praktiske opplysningar.

• Rikskonsertane har god erfaring frå skolar som bruker elevvertar og elevarrangørar. Sjå www.rikskonsertane.no/eleversomarrangorer for meir informasjon. Dersom nokon vil ønskje velkommen til konserten, er det berre å snakke med musikarane før konserten.

• Gjer elevane kjende med konserten og musikarane på førehand. Besøk gjerne heimesidene til utøvarane for å lytte på musikken deira og få meir informasjon.

Bruk konserten

Elevaktivitet

• Bruk det vedlagde Bruk konserten-materiellet. Eigarskapen til og effekten av konserten blir større der besøket er forankra i undervisninga og læringsmåla ved skolen.


Sjå også boka Bruk konserten! for fleire undervisningsopplegg.
www.rikskonsertene.no/brukkonserten

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rikskonsertene
  • Kunstnere/grupper: Knut Alfsen – dokkespelar, Espen Rud – slagverk/perkusjon, Frode Nymo - saksofon, Sebastian Haugen-Markussen – bass
  • Produsent: Produsent Hallgeir Frydenlund, Rikskonsertene
    Tlf. 22 02 59 13, E-post: hf@rikskonsertene.no
  • Idé/opplegg: Idé/ opplegg: Utøvarane i samarbeid med Hallgeir Frydenlund
    Bruk konserten-opplegg: etter ein idé av Kristin Falck og Isabel Falck Pena

Om kunstner / utøver / gruppe

 Espen Rud er ein av dei mest rutinerte trommeslagarane i Noreg. Han fekk den høgaste utmerkinga i norsk jazz, Buddy, i 1983 og Spellemannsprisen i 1998 for ”Rudlende”. Espen er ein av dei musikarane Rikskonsertane har nytta mest i konsertverksemda i skolar og barnehagar sidan tidleg på 1980-talet.

Knut Alfsen har utdanning frå Riksteateret sin 3-årige elevskole i dokketeater. Han har hatt regiansvar og vore med som dokkespelar og skodespelar i ei rekkje prosjekt for barn og vaksne, mellom anna ved Riksteateret, Rikskonsertane, NRK og TV2. Knut er i dag dagleg leiar for den frie teatergruppa Levende Dukker.
Les meir om figurteater på http://levendedukker.no. 

Frode Nymo spelar saksofon og har utdanninga si frå Jazzlinja i Trondheim. Han kom tidleg med i Bodø Big Band. Han var med på å etablere Urban Connection, med éin Spellemannspris og to plateutgivingar som resultat.

Sebastian Haugen-Markussen spelar bass og er utdanna jazzbassist og musikkpedagog ved Noregs
musikkhøgskole. Han har sin eigen kvartett – Sebastian Kvartett – og spelar i Magnolia Jazzband.

Regissør for framsyninga er Elisabeth Grønning. Ho har mange års praksis som drama- og førskolelærar og er no høgskolelærar på barnevernslinja ved HIO.

Idé/opplegg: Utøvarane i samarbeid med Hallgeir Frydenlund
Bruk konserten-opplegg: etter ein idé av Kristin Falck og Isabel Falck Pena

Produsent: Hallgeir Frydenlund, Rikskonsertane

Multimedia og vedlegg

Bilder

Jazzfigur
Foto: Lars Opstad
Musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøver
• Spørsmål til musikarane kan rettast til Espen Rud på 906 05 817
Pressekontakt
Cathrine Jakobsen, informasjonsrådgivar i Rikskonsertene. Tel: 22 02 59 62 / caj@rikskonsertene.no
Programlengde
ca 40 minutter
Maks publikumsantall
200
Arena / rom
gymsal el l.
Bærehjelp
Musikarane treng hjelp av seks sterke elevar til å bere utstyr både når dei kjem, og etter nedrigginga.
Merknad
• Musikarane må ha tilgang til straumuttak, to gonger 16 ampere.

• Musikarane treng tilgang til ein garderobe før konserten.

• Konsertlokalet må ha normal romtemperatur.

• Dersom skolane deler seg i to konsertar, er det ønskjeleg med blanda aldersgrupper på begge konsertane. Lærarane bør blande seg med elevane og ikkje står bak stolradene.

• Den driftsansvarlege og involverte lærarar må få ein kopi av denne konsertinformasjonen.

• Kulturkontakten må vere tilgjengeleg under besøket. Og hugs, det er alltid hyggjeleg å bli møtt med ein kopp kaffi når ein kjem til ein ny stad.Salen:
For denne produksjonen er det viktig at musikarane kjem nær publikum. Utøvarane vil bruke spelerommet mellom seg aktivt. Difor har vi lagt opp til at musikarane og dokkespelaren plasserer seg på kvar si langside med publikum på kortsidene. Ettersom dokkene er små og delar av framsyninga går føre seg på golvet, er det nødvendig å lage eit amfi med matter framfor og benker og stolar bakarst på begge sidene.
Vedlegg
Arrangører
Arrangert av:
Rikskonsertene
Produsent:
Produsent Hallgeir Frydenlund, Rikskonsertene
Tlf. 22 02 59 13, E-post: hf@rikskonsertene.no