Rikskonsertene
Postadresse: Postboks 4261 Nydalen, 0401 Oslo
Besøksadresse: Gullhaug torg 2, 0401
Telefon: 22 02 59 00 • kontakt: Fra 2016 er Rikskonsertene - sammen med DKS-sekretariatet - omgjort til Kulturtanken, Den kulturelle skolesekken Norge (se www.kulturtanken.no). Samtidig er musikk omgjort fra skolekonsertordning til et av seks kunst- og kulturuttrykk finansiert av spillemidler i DKS, og produksjon av musikkaktiviteter overført fullt ut til fylkeskommuner (og kommuner).
Skolesongboka
Produksjonsliste
Program

Skolesongboka

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Songane du har gløymt at du husker!
Musikk er ofte knaggar for minne. Høyrer du ein song, minner den deg kanskje om ein stad, ei hending eller nokon du kjenner.

Songane frå skulesongboka til Mads Berg er det mange som kjenner og har minne til. Det er nesten hundre år sidan den aller første skulesongboka kom, og kanskje både  foreldra, besteforeldra og til og med oldeforeldra dine husker nokre av songane dei lærte og song på skulen frå Skulesongboka? Kanskje minner nokre av desse songane dei om då dei sjølv gjekk på skulen? Du kan jo spørre.


Songtekst til produksjonen:

EVENTYRVISE

Ja, kom alle sammen, bli med.  
Vi flakser og bakser av sted
til eventyrland for å se
på jutler og nøkker og nisser og troll
og dverger i tusende fold.

Refr:

Vi danser og flyr gjennom eventyr,
vi flakser og rir, vi synger og ler
til Askeladden og Pål og Per
og Mumle Gåsegg, å tvi, tvi, tvi, tvi.
Og Tyrihans leker med gullhøna si,
mens Smørbukken sitter fornøyd og blid
og gomler så lat på sin skolemat,
og Veslefrikk spiller for
Tomme Tomme Tommeliten på fela si.

Jeg har sett huldra nå, jeg.
Hu satt’ seg på purka og rei,
tjo heisan, hvor det bar i vei.
Hu skreik og hu bar seg med hylhøye hvin,
mens hu fløy til værs som en
flyvemaskin.

Lærerveiledning

Lærermateriell

* På Dropbox finn du både songar (mp3-filer) og tekstar. Lytt og syng gjerne saman med elevane, slik at det blir ein forventing og eit forhold til konserten som kjem. Dei forberedte møta er ofte dei beste.

Sjå gjerne boka Bruk konserten! for undervisningsopplegg:
www.rikskonsertene.no/brukkonserten

Sjå under "Ressurser": Les om då Vintermåne turnerte Vest-Agder med Skolesongboka.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rikskonsertene
  • Kunstnere/grupper: Vintermåne
  • Idé/opplegg: Vintermåne i samarbeid med Roger Johansen (tidlegare musikkprodusent i Rikskonsertane)

Om kunstner / utøver / gruppe

Vintermåne (etablert 1997 i Oslo) er ei norsk folkemusikkgruppe med Anne Gravir Klykken på vokal, Frøydis Grorud på saksofonar og fløyte, og Torjus Vierli på piano og synthesizar.

Vintermåne finn sitt repertoar i den norske folkemusikken, spesielt frå Telemark. Repertoaret omfattar salmer, julesongar, religiøse og meir tradisjonelle folketonar.

Vintermåne har samarbeidd med musikarar som Odd Nordstoga og Knut Buen, og inkluderer gjerne fleire instrument på sine konsertar.

Om Skolesongboka:
Diverre er mange av disse songane i ferd med å gå i gløymeboka. Gruppa Vintermåne har difor forsøkt å gitt nytt liv til disse songane, og håper med denne produksjonen å kunne skapa ny interesse rundt den gamle songskatten for dei borna som veks opp i dag. 

Overlærar og songpedagog Mads Berg (1865-1955) ga ut den første versjonen av Skolesangboka så tidleg som i 1914. Seinare blei den gjenutgjeve 25 gangar, i tolv opplag, med nye songar heilt fram til 1995. Mange av disse songane inngår i "den norske folkesjela”, etter at fleire generasjonar av skoleborn har sunge songane.

Vintermåne har også lagd ein CD med dette materialet, ei utgjeving som mottok svært fine kritikkar då den blei gitt ut. Det hadde truleg gleda songpioneren Mads Berg stort at det store songprosjektet han starta for snart 100 år sidan lever vidare!       

Dette er Vintermåne:
Anne Gravir Klykken, vokal
Norsk songar, f.1970. Frå Skien, Telemark, med utdanning frå Høgskolen i Oslo, Høgskolen i Telemark, samt konservatoriet i Agder. Ho har både på plate og live arbeidd med artistar som Iver Kleive, Sigmund Groven, Knut Buen, Sondre Bratland, Aasmund Nordstoga, Helge Norbakken og Mattis Kleppen. Anne har gitt ut fire soloplater.

Frøydis Grorud, saksofonar, fløyter
Frå Skien, f. 1974. Utdanna ved Noregs musikkhøgskole og Agder Musikkonservatorium. Grorud er ein etablert musikar, og har markert  seg som ein særegen jazzsaksofonist og fløytist med eit sterkt lyrisk og melodisk uttrykk. Ho har samarbeidd med ei rekkje artistar, som mellom anna Rosa Passos (Brasil), Torun Eriksen, Tre Sopranos, Aasmund Nordstoga, Oslo Gospel Choir, Trio de Janeiro/Desafinado, Nora Brockstedt, Ole Edvard Antonsen, Bugge Wesseltoft , Secret Garden, Ole Paus, Ingebjørg Bratland, Trine Rein, Gaute Ormåsen, Christian Ingebrigtsen og mange fleire. Mest kjend er ho nok allikevel frå NRK-programmet ”Beat for Beat”, der ho har vore ein del av det faste husorkesteret sidan 1999.

Torjus Vierli, tangentar
Frå Vegårshei, f.1977. Også utdanna ved Agder Musikkonservatorium, der disse tre danna bandet Vintermåne. Torjus er foruten å være den faste keyboardisten til Sigvart Dagsland, også ein svært ettertrakta tangentmann med artistar som Odd Nordstoga, Morten Abel, Sissel Kyrkjebø, Carola, Torun Eriksen og Oslo Gospel Choir - for å nemne nokre.


Medvirkende

  • Vintermåne
  • Anne Gravir Klykken (vokal)
  • Torjus Vierli (tangentar)
  • Frøydis Grorud (saksofonar og fløyter)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Anne Gravir Klykken
Foto: Vintermåne
Frøydis Grorud
Foto: Vintermåne
Torjus Vierli
Foto: Vintermåne
Vintermåne - Skolesongboka
Foto: Vintermåne
Musikk / Viser
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Ane Roggen, produsent i Rikskonsertane:
aro@rikskonsertenene.no 
Mobil: 934 45 207
Programlengde
40
Maks publikumsantall
180
Arena / rom
Gymsal eller liknande
Bærehjelp
Musikarane treng hjelp av 4 sterke elevar til å bere utstyr ved ankomst og etter konsert.
Oppriggingstid
60 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad
* Musikarane bruker langsida av gymsalen der det er mogleg* Musikarane låner gjerne eit lerret der det er mogleg* Elevane blir plassert på matter foran og stoler bak, som i eit amfi, slik at elevane som sit bakerst kan sjå. Kanskje dei minste bør få sitte fremst

* Vi ber om at lærarane sett seg saman med elevane og er publikum, og at de opplever konserten saman med elevane heller enn å stå bak langs veggane

* Sørg for at driftsansvarleg og involverte lærarar les denne konsertinformasjonen

* Kulturkontakt bør være tilgjengeleg under besøket. Og det er alltid hyggjeleg å bli møtt med ein kopp kaffe eller te når ein kjem på besøk

* Musikarane treng tilgang til strømuttak, to ganger 16 ampere

* Prøv så langt det går å blende konsertlokalet
Vedlegg
Arrangører
Arrangert av:
Rikskonsertene
Medvirkende
  • Anne Gravir Klykken (vokal)
  • Torjus Vierli (tangentar)
  • Frøydis Grorud (saksofonar og fløyter)